Første veka! :)
No e då første veka i Nicaragua over, og det he vore heilt fantastisk! Angra ikkje på at e reiste hit, e en fantastisk opplevelse, og utrulig mange kjekke folk ! :)
Ka oss he gjort på:
Mandag - Oss blei henta med skulebussen (som e som en gammal amerikansk skulebuss) i 8-tida, for å fare ut til studieplassen på stranda.. kom dit ca halv 9, og klokka 9 hadde oss diagnostisk prøve for å sjå kor mykje spansk oss kunne, sann at dei kunne dele oss inn i gruppe ette det.. :) E brukte vell omtrent en halv time på den prøva (fekk ikkje akkurat til so mykje), for så å ha fri til halv 12, og då slappa oss berre av på stranda og bada i nokken ganske kraftige bølge! Kjempekjekt ! :D Ette det hadde oss vår første lunsj på studieplassen, ett lite møte, so for oss inn igjen til byen og va på en av plassane oss skal ha forelesning, og der fekk oss høre litt om studiumet frå lærarane.. veldig koslige lærara og folk :)
Tirsdag - Begynte dagen med spansk forelesning på en forelesningssal inne i byen, kjempekjekk lærar som heite Elisabeth, og ho e utrulig flink ! :) So hadde oss tima på badestranda, og ette skulen so for e og Kristine og Sigrid ned til en kopiplass for å få kopiert spanskbøkene, sida forlaga he vore utrulig treige med å sende dei.. Der ga oss inn bøkene, ba om fem kopia av kvar bok (to bøke), og fekkbeskjed om å komme tilbake om en time.. sida oss e i Nica, og her e Nica-tid, kom oss tilbake ette 1 time og tre kvarter ca.. og då fekk oss beskjed om å vente en halv time til.. so då for oss å åt is, og kom tilbake ette 1 time.. då tok det ti minutt, so fekk oss bøkene :) Må vær tålmodig i Nicaragua, for å sei det sann :) men va fantastisk bra kopiert, og bøkene e veldig gode, so det e heilt topp!:) Va ikkje akkurat dyrt heller ;) Deretter va vi en gjeng som for på en restaurant der oss fekk servert fantastisk god fisk, so for e og Sigrid vidare til Via Via og tok oss kvar vår mojito, som va fantastisk godt ! :) So for oss heim å la oss tidlig, sida dagane starta ganske tidlig..
Onsdag - Skule som vanlig:) Ette skulen va oss heime og slappa av ei stund, kom ganske seint heim frå skulen.. so for oss en gjeng på Big Foot og åt vegetarpizza, som va fantastisk god ! :) So for oss vidare til Via Via der dei andre tok en drink, og e for heim tidlig, mens mange andre for vidare ut å festa :)
Torsdag - Va ferdig tidlig på skulen torsdag, hadde kun skule frå 8-10..va der ute å las lekse til klokka va 12, so åt e lunsj, og deretter tok e og nokken til lokalbussen heim! Det va en ganske kjekk opplevelse, fins utrulig mange koslige folk :) Blandt anna en som satt seg ved sida av Ida, og prata med ho..for deretter å prøve å kysse ho når han skulle av bussen..ganske arti (han va forresten rundt 50 kanskje).. Flira godt gjor oss :)
Om kvelden for oss en liten gjeng og åt på enelleranna sportsbar aktig ting, veldig god mat va det iallefall :)
Fredag - Oss hadde introdag, der oss va på auditoriume til universitetet i Leon si medisinske avdeling, som va iiiiskaldt pga air condition..he dei air condition skal dei iallefall bruke det!! Uten tvil ..hahah :) Men blei bedre ettekvart ette vi ba dei om å skru ned styrken litt :) Der lærte oss utrulig mykje interessant om historie og kultur..spesielt om historia..det va feltledaren Rigo som fortalte, og han he vokst opp her, og opplevd utrulig mykje! Va kjempespennande å høre på! :) Han fortalte mykje om korleis livet va her i Nicaragua og i Leon, og gjennom alle tinga som he skjedd her, og korleis tinga e no.. Veldig spennande..:) Va ferdig der i 4tida, så va det å få kopiert nokken kompendium som oss må ha, for å so fare heime og kvile og dusje og gjer seg klar til velkomstfest på Monkey! Va en fantastisk arti kveld! Når oss kom dit va der pynta fint, oss fekk buffet, der va live band i en time og resten av kvelden va det dj'a, og det gjekk vell ned ett par mojitos'a, flor de cana og toña der! :) So va det vidare til Camaleon som e "The After Party Spot in Leon" i 11 tida, og va der til halv 3 ca.. møtte mange kjekke, og mange spesielle..og kanskje nokken litt pågåande folk.. men kjekt va det ! :)
Laurdag - sto opp halv 7 for å sjå Man. Utd - Liverpool..som va en meget skuffande kamp, sida Liverpool nesten ikkje prøvde før dei siste ti minutta.. va litt arg.. seinare for oss å åt frokost på en plass som e rett ned i gata, deretter reiste oss ut til San Cristobal som e ett hotell der vi he lov å lese, slappe av og bade i bassenget :) Va der ei stund, før det va tilbake å ete litt mat, so va det berre avslapping på hotellet resten av kvelden, ilag med roomien :)
Søndag - våkna halv sju som vanlig, sto opp og gjekk å åt frokost på frokostplassen, so va det buss ut til der vi starta å gå opp på Cerro Negro, som e den nestyngste vulkanen i Amerika eller nokke, kun 162 år gammal :) Den blir rekna som høgst aktiv, og det forrige utbrote va i 1999! Va en fantastisk fin tur opp, sjølom det ikkje va heilt topp med lungebetennelse, og masse aske og støv som oss pusta inn.. men overlevde no, ette å fått slappa av litt oppe på toppen! På toppen tok oss litt bilde og slappa av og prata, so va det å springe ned den bratte sida av vulkanen..dritkult! :D Va ganske mjuk sand/steina/aske, so oss sank ned i, og hadde overraskande god kontroll der oss sprang.. va fantastisk arti! :D Når oss kom heim, såg oss at det ikkje va vatn i dusjane.. som forventa..so oss satt kjempeskitne alle sammen, heilt svarte av all aska.. Slappa av, prata, bestilte pizza som kom på døra, osv :) Ganske hærli! So slappa oss av enda litt meir, før oss for å åt mat ! :)
Der va då ei relativt detaljert forklaring på ka den veka her he gått ut på..he vore fantastisk kjekt, og he det veldig fint her! :) og E(!!!) he forresten ikkje stått opp seinare enn halv 7 på heile veka!! ikkje engang i helga liksom.. imponerande???:)






























